I eit av dei sju klassetrinna på Vikane skule i Innvik er det 54 prosent framandspråklege elevar. Det opplyste rektor Turid Øye Rustøy i si orientering til Stryn formannskap.

Vikane skule hadde ved utgangen av januar 84 elevar. Av dei 24 framandspråklege.

- Eg reknar med at det vil kome til 20 nye framandspråklege elevar før sommarferien,  fortalde rektoren. Som skildra ein skulesituasjon med god integrering og stor positivitet.

- Elevane har lært seg empati og foreldre og bygda stiller opp på ein måte som gjer at alle blir inkluderte frå første dag. Eg har aldri vore på ein skule med så kjekke elevar og så unik stab av dyktige og positive tilsette. Her er til og med pensjonerte llærarar som tilbyr gratis leksehjelp, sa rektor Turid Øye Rustøy.