Strynedamene drog sigeren i land mot eit ungt Årstad-lag og sikra seg to viktige poeng laurdag kveld. Etter å ha leia 16-11 til pause vart sluttresultatet 26-23 etter ein noko svakare 2. omgang.

- Vi spelar bra dei første 30-40 minuttane, etter det er går det litt tregt og vi bommar på mykje i angrep, seier trenar Gunnar L. Sigurdsson, som alt i alt seier seg nøgd med jentene sin innsats.