- Eg har full forståing for Jan Ove Hogrenning sin frustrasjon over å vere utan breiband så ofte og over så lang tid. Men eg ber også om forståing for at det under så krevjande forhold kan ta lenger tid å få retta feil. Og som ei lita gladmelding kan eg no fortelje at Lodalen har fått tilbake breibanddekninga, seier informasjonssjef Per A. Meling til Fjordingen.

Fredag uttrykte Jan Ove Hogrenning sin store frustrasjon over at han gjekk inn i helg nummer to på rad utan breibanddekning. Og at det skjedde på verst tenkelege tidspunkt med tanke på booking av cruiseturistar  til båtruta og Kjenndalstova, samt utleige av hytter. Hogrenning sin frustrasjon galdt også beskjeden frå Telenor  om at han ikkje fekk nytte bedriftsabonnement som vil gje større breibandkapasitet og kortare rettetid.

- Eg kjenner ikkje Hogrenning sin dialog med kundesenteret. Mi oppfordring er at han tek ny kontakt med dei for å få avklart kva abonnementa inneheld, seier Melling.

- Du forstår frustrasjonen, men kan ikkje love kortare rettetid neste gong Lodalen vert utan breiband?

- Vi har ein entreprenør som gjer formidabel innsats for å rette feil i eit stort område. Og der det heile tida må gjerast prioriteringar. Eg beklagar at det kan ta tid på plassar som t.d. Lodalen, men det er heller ikkje så enkelt når det skjer så mange brot på same tid, sluttar  Per A. Meling.