Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn opplevde over 30 prosent svikt i omsetjinga i fjor, frå 6,3 til 4,3 millionar kroner. Overskotet på 200.000 kroner i 2014 vart i fjor snudd til eit underskot på om lag 400.000 kroner, viser selskapet sin førebelse rekneskap.

Dagleg leiar ved nasjonalparksenteret er sjukepermittert og styret har den siste tida hatt konstituert leiar etter at førre styreleiar trekte seg. Dermed er utfordringane for nyvald styreleiar Arne Bjørlykke og resten av styret store.

- No skal vi først jobbe med bemanning av senteret for 2016 og diskutere korleis få senteret i best muleg forfatning til sesongstart. Til hausten vil vi arbeide meir langsiktig, seier Arne Bjørlykke som vart vald til styreleiar i ei ekstraordinær generalforsamling onsdag.

Neste år er Jostedalsbreen nasjonalparksenter 20 år som nasjonalparksenter.

- Senteret kom i 1993 og vart offisielt nasjonalparksenter i 1997. Det har vore god drift og utvikling ved senteret i mange år. Framleis er det stort engasjement rundt senteret. Det skal vi bruke positivt i det arbeidet vi skal gjere for å ta senteret vidare, seier Bjørlykke.

- Korleis ser du og styret for deg vidare utvikling?

- Naturen er det viktige for nasjonalparksenteret. Jostedalsbreen er den største isbreen i fastlands-Europa og dermed heilt unik. Nasjonalparksenteret skal spegle nasjonalparken gjennom informasjon om naturen og formidle det unike. I dagens situasjon med klimaendringar er breutviklinga som eit termometer på klimaet. Her har nasjonalparksenteret ei viktig rolle som formidlar, seier Børlykke.