Forhandlingsutvala for kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda vil invitere Hornindal til å slå seg saman med den nye kommunen med namnet Volda/Ørsta. Det stadfestar Stein Aam, ordførar i Ørsta kommune overfor Fjordingen.

- Forhandlingsutvala har brote gjennom ein del tunge barrierer i dag. Blant anna er vi samde om at kommunesenteret skal liggje i Ørsta og at kommunen skal heite Volda/Ørsta, seier Aam. Dette vert til slutt lagt fram i rådgjevande folkerøysting 19. mai, seier Aam. Som legg til at forhandlingsutvala og er blitt samde om tunge spørsmål som omhandlar eigarskapen i Tussa og kommunal gjeld.

- I følgje Sunnmørsposten har de og bestemt å invitere berre Hornindal kommune inn i ein kommunesamanslåing?

- Volda har signalisert klart at dei vil gå til Hornindal og eventuelt Stryn dersom forhandlingane med Ørsta ikkje fører til samanslåing. No meiner vi på forhandlingsutvalsnivå at Hornindal bør inviterast  også om Volda og Ørsta vert realitet som felles kommune.

- Kvifor ikkje Stryn?

- Stryn er meir komplisert, mest på grunn av avstand. Det er langt frå Utvikfjellet til Festøya, seier Aam.