Dei som brukar lokalsjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord og Flekkefjord kan foreløpig slappe av, skriv Aftenposten. Det er desse fem sjukehusa som regjerina i haust i sin nye sjukehusplan føreslo skulle misse akuttkirurgien.

I følgje avisa vil ikkje Høgre ta frå nokon sjukehus akuttkirurgien. Høgre vil overlate til dei regionale helseføretaka å bestemme kva for sjukehus som skal ha akuttkirurgi.

Regjeringa sitt framlegg møtte stor mostand, og resulterte mellom anna i ein stor fakkelaksjon ved Volda sjukehus.