Eit samrøystes kommunestyre i Volda har vedteke å gå i forhandlingar også med Hornindal og Stryn med mål om å få til intensjonsavtale for kommunesamanslåing over fylkesgrensa. Det betyr i følgje ordførar Jørgen Amdam at det vil bli oppretta kontakt med nabokommunane for å starte prosessen både med å avklare ulike utfordringar og få på plass ein intensjonsavtale.

Forhandlingane mellom Ørsta og Volda har og avklart at både Stryn og Hornindal vil bli inviterte til forhandlingar om storkommune over fylkesgrensa. For Volda vert det uansett vurdert som viktig å ha fleire utvegar, dersom folkeavrøystinga i Volda og Ørsta 19. mai ikkje gir fleirtal for samanslåing av desse kommunane.

Odd A. Folkestad (Frp) tok til orde for å innleie samtaler også med Eid, med tanke på intensjonsavtale den vegen. Han viste til avtalen mellom Gloppen og Eid der det i avtalen og er poengtert at ein bør få på plass bru over Voldsfjorden og opprusting av vegen gjennom Stigedalen.

Tidlegare ordførar i Volda, Arild Iversen (KrF), var den som uttalte seg minst entusiastisk i forhold til å forhandle og eventuelt slå seg saman med Hornindal og Stryn.

I avslutninga av debatten sa Iversen at han ikkje ville setje seg til motverge mot å snakke med nabokommunar.

- Men eg trur ikkje det utgjer nokon stor forskjell. Vi kan berre risikere å kjøpe oss nokre bygder til. Vårt primære mål må vere å snakke fram samanslåing av Ørsta og Volda, sa Iversen.

Iversen sin partikollega Erlend Krumsvik var av ein heilt annan oppfatning. - Det er heilt naturleg å gå i forhandlingar med Hornindal og Stryn. Vi burde gjort dette for lenge sidan. Her snakkar vi om ein bu og arbeidsregionen som vil utvikle seg dei neste 30 åra. Det er mange synergier for Bjørke, Austefjorden og Hornindal og lenger til Stryn, men likevel verdt å prøve, sa Krumsvik.