Det er ikkje berre dei fine vårteikna som kjem til syne i desse dagar. Dessverre dukkar også mindre sjarmerande ting opp.

- Eg plukka rusk i elvekanten rundt garden i dag. Det var mykje rartsom ikkje høyrer til her, seier Martin Sandal, som har spylt og dandert "fangsten" for fotografering.

- Felles for det aller meste er at det erkome hit med elva, vêr eller vind. Den beste fiskar kan mistefavoritt-sluken, og kan ikkje klandrast for at desse dukkar opp attnår elva er lita, seier Sandal. Han er heller ikkje ute etter å klandre andre for bildekk,emballasje og gamle sko som dukkar opp, men vil i staden oppmode alle om å ta medsøppel som ikkje høyrer heime ute i naturen.