I dag er absolutt siste frist for å gjere noko med sjølvmeldinga. Ved midnatt går leveringsfristen ut.

Framleis er det mange i Sogn og Fjordane som ikkje har opna og lest si eiga sjølvmelding. Tidlegare denne veka kunne Skatteetaten melde at så mange som 9.852 personar i fylket risikerer å betale for mykje i skatt. Når fristen går ut er det for seint å sjekke om du har fått med alt du har rett på.

Skatteetaten har førehandsutfylt sjølvmeldinga med dei opplysningane dei har om den einskilde sin økonomi. Dette gir berre ei foreløpig oversikt om du får igjen på skatten eller får restskatt.

– Vi oppfordrar alle til å sette av tid til å lese og sjekke sjølvmeldinga si slik at du betaler rett skatt og ikkje går glipp av frådrag du burde hatt. Det er viktig at opplysningane i sjølvmeldinga stemmer og er korrekte, understrekar Trude Husevåg, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Trude Husevåg, avdelingsdirektør Skatteetaten.

Det blir enklare å levere sjølvmeldinga for kvart år, men det er uansett viktig å sjekke dei førehandsutfylte opplysningane.

– På skatteetaten.no er det fleire vegvisarar og digitale kalkulatorar som hjelper deg å finne dei frådraga du kan ha krav på, oppmodar Husevåg.

Viss du er lønnstakar eller pensjonist og ikkje har endringar eller nye opplysningar du må legge til, treng du ikkje å levere sjølvmeldinga.

- Viss du må levere, lever elektronisk, er oppfordringa frå Skatteetaten.