Fyllingen sitt damelag i handball sikra laurdag opprykk til 1. divisjon. Dette får også positive konsekvensar for Stryn sitt lag som låg på kvalikplass i avdelinga. Dei beheld no plassen i 2. divisjon utan at dei må ut i kvalifisering.

Det såg også lyst ut for herrelaget ei stund. Avdelingsvinnar Bjørnar vann i går den første kvalikkampen mot Alta, men seinare på ettermiddagen vart det tap for Herkules. Såleis blir Bjørnar i 2. divisjon og Stryn sitt herrelag blir ståande på kvalikplassen. Dei må difor ut i kvalifiseringskampar mot Gloppen. Det skjer fredag 6. mai borte, ogsøndag 8. mai heime.