Ny innkøyrsle og asfaltert nordområde blir ferdigstilt før Azura legg til kai i Olden onsdag 4. mai.

- Her er mange som har jobba godt for å få dette til innan sesongstart, seier teknisk sjef Jan Flore til Fjordingen.

Stryn kommune og Nordfjord Havn fekk store utfordringar då det vart kjent at tre meter av bussparkeringa måtte sperrast av. Som ei midlertidig løysing bestemte dei seg for å flytte innkøyringa lenger nord, slik at ein kan oppretthalde nokonlunde same tal bussar ved å ha langsgåande parkering og utkøyring ved Mølla.

- Det meste skal vere klart når Azura kjem til Olden onsdag, men litt oppmerking gjenstår, fortel Jan Flore.