Førre veke vart spørjetenesta "Kan du svare"? lansert. Denne er tenkt nytta av innbyggjarar i Nordfjord og på Sunnmøre som har spørsmål knytt til kommunereformen. Det er Sunnmørsposten som har utvikla tenesta.

Her kan kvar enkelt legge inn sine spørsmål, og så er det opp til politikarar og kommuneleiing å svare.

Så langt er det fire personar som har stilt spørsmål til kommunepolitikarane i Stryn. I Hornindal er det førebels ingen som har nytta tenesta.

Vi presenterer dei innkomne spørsmåla under:

  • "Kan du svare på om Stryn vil innleie samtalar med Eid og/eller Gloppen dersom Volda seier nei til Stryn"?

  • "Kan du svare på kvifor det er ok at Volda får kommunesenteret men ikkje Nordfjordeid"?

  • "Kan du svare på kvifor Eid og Gloppen ikkje kan være ein del av alternativa? Stryn kommune deler meir kommunegrense med Eid og Gloppen enn dei andre alternativa".

  • "Kan du svare på koffor kan ikkje Stryn snakke med Gloppen og Eid, eller berre Gloppen? Eid seier at det er Stryn som ikkje vil snakke med dei? Ka er sant og ikkje sant"?

Det er førebels ikkje kome svar på dei innsende spørsmåla.

Er det andre spørsmål du ønskjer svar på enn dei som allereie er stilt? Her kan du legge inn ditt spørsmål.