Det historiske forholdet mellom Stryn og Hornindal vart også tema i folkemøtet i Vikane torsdag førre veke.

– Eg var første rådmannen i Hornindal og var spent etter brotet med Stryn. Men samarbeidet var fantastisk. Ein skulle kanskje tru at etter seperasjonen var det mykje bitterheit, men eg opplevde aldri samarbeidsproblem, uttalte Per Kristian Storevik, som i dag er rådmann i Stryn.

– Vi har over mange år jobba oss tett ihop, og Hornindal er i mitt hovud ein god match. Blind-daten med Volda er eg meir spent på, sa Storevik med eit smil.