Martin Kroken Nesje i Stryn vart den heldige kjøpar av karbonsykkelen Xeed CRB4 29 under det store sykkelsalet til Sport 1 i samband med at Ytre-Eide Sport AS er 90 år. Her handla det om førstemann til mølla.

Klokka 09.00 i dag var han førstemann innom dørene i butikken, og det etter å ha venta utanfor frå søndag føremiddag.

- Eg bestemde meg tidleg då eg såg annonsa i Fjordingen. Denne sykkelen skulle eg ha. Full pris var 45.000 kroner. Den som kom først innom, skulle få tilslaget på 4.500 kroner. Det kan seiast at det vart 500 kroner i tillegg for pedalane, seier Kroken Nesje.

- Var det ikkje nervepirrande og vanskeleg å vente så lenge?

- Det vart seigt ja, men når ein veit kva ein får er det verdt det. Eg hadde bilen ved sidan av. Nokre få var bortom og kika søndag, men dei fleste forsvann. Nummer to hadde eg observert på dagen, og vedkomande kom tilbake på kvelden, men eg kom først, smiler Nesje som også fekk litt søvn i bilen mellom klokka 3-4 på natta.

- Eg måtte følgje med. Det var vanskeleg leggje seg til. Dei tre syklane til redusert pris gjekk alle ut til oss tre første som kom inn. Nei, dette var verdt pengane, seier Nesje som ofte er ute på sykkel, for det meste i Setrevegen opp mot skisenteret.

- Kva slags type sykkel var det?

- Ein lett karbonsykkel på under 10 kilo med 29 toms hjul og stisykkeldekk. Dimensjonen gjer han til ein god sykkel med rulleeffekt også på landevegen, seier Martin Kroken Nesje som altså sparte 40.000 kroner på tiltaket.