Rådmann Per Kristian Storevik rår til at Stryn kommune takkar nei til invitasjonen om aksjeteikning i Voldsfjordkryssing AS. Saka kjem opp til handsaming i formannskapsmøtet 11. mai.

Jørgen Amdam er styreleiar i Voldsfjordkryssing AS. I brevet som også har signaturen til styremedlemmene Martin Brænne og Odd A. Folkestad, vert Stryn kommune invitert til å delta i emisjon for utviding av aksjekapital i selskapet som arbeider for ferjefri kryssing av Voldsfjorden.

I saksutgreiinga til rådmannen i Stryn blir det synt til at slik kommunikasjonsbiletet teiknar seg, vil ei bru over Voldsfjorden ikkje inngå i eit overordna komunikasjonsbilete, men i framtida vere del av ei fylkesvegstrekning.

- Ei bru vil ha stor interesse for Volda kommune som gjennom dette vil kunne kommunikasjonsmessig samle kommunen på ein betre måte enn gjennom dagens ferjeløysingar. Eit nytt brusamad vil også kunne tene kommunikasjonen til/frå midtre og ytre Nordfjord samanlikna med dagens situasjon - og/eller ved bruk av E39, heiter det i  rådmann Storevik si saksutgreiing.

Der han grunngjev tilrådinga om avslag med fylgjande:

"Når kommunalt engasjement skal vurderat i slike saker, må dette vurderast opp mot kva som ligg innanfor kommunens interessesfære. Generelt er betre kommunikasjonar positivt, men med det overordna kommunikasjonsbilletet som teiknar seg, tykkjest dette prosjektet å ha mindre betydning for Stryn kommune i den forstand at kommunens tildelte midlar først og fremst skal tene kommunale interesser - i vid forstand. Det omsøkte prosjektet tykkjest ligge utanfor dette."