Ein motorsyklist mista kontrollen på sykkelen i Grandevegen i Stryn i kveld, omlag 100 meter vest for krysset ved Toyota. Sykkelen vart liggande i vegbana. Politiet fekk melding om ulukka klokka 21.36, og motorsyklisten vart teken hand om av helsepersonale. Etter det Fjordingen får opplyst, var føraren medviten etter ulukka. Han er ikkje kritisk skadd, men vert sendt til sjukehus for observasjon.

Politiet melder at det var vitne til motorsykkelvelten, og det vert no teke opp forklaringar der ulukka skjedde. Førarkortet er mellombels beslaglagt.