Det vart draumesesongopning for Stryn sommarski fredag. Knall sol utan ei sky på himmelen, vindstille og gode snøforhold gjorde dagen perfekt for dei som tok turen, anten dei kom frå Sverige, Sogn og Fjordane, Sunnmøre eller Austlandet.

- Dette var eit lite stunt for vårt vedkomande. Då vi høyrde at sommarskisenteret opna, såg vermeldinga og hadde fri frå jobb begge to, gjekk turen rett til Tystigen, seier ekteparet Linn og Joakim Rønning frå Førde. Og dei angra ikkje.

- Nydeleg snø, flott ver med sommartemperatur og lite folk sidan det er fredag. Meir perfekt kan det ikkje bli. Og så er det jo litt spesielt å køyre på ski når vi nesten skriv juni, smiler ekteparet Rønning. Som slett ikkje er førstereis til Tystigen.

Førstereis var derimot William Pracek frå Oslo. Han fyller tre år i desse dagar og var med pappa og systera på ski.

- Eg har vore her i alle år sidan 1989 fortel pappa Andre som har vore aktiv skikøyrar og som alltid har lagt inn tur til Stryn sommarski.

- Helst til sesongopninga, men uansett ein tur i året. Det er triveleg å køyre på ski og artig å treffe att gamle kompisar, seier Andre Pracek som no fører sine tradisjonar over til borna.

Fleirtalet av gjestene i bakken fredag var nok svenskar. Slik er det ofte, særleg i opningshelgane.

- Vi er ein gjeng på 40 personar frå firmaet Alpingaraget som er på personalrese. Vi testar ulike ski, både alpint og randone. Dermed er representantar frå ulike leverandørar også med. Vi kom opp torsdag og fekk tjuvstarte litt den dagen. Så blir vi til og med søndag, fortel Jonatan Eriksson frå Stockholm.

Dagleg leiar Nina Lensebakken ved sommarskisenteret er nøgd med trafikken opningsdagen. Ho både satsar og håpar på storinnrykk når helga startar for alvor.

- Forholda er fine no, så det er godt å kome i gang. Folk er blide og fornøgde. Då er det kjekt å vere på jobb på fjellet, seier Lensebakken.

Frå venstre Johan Enstrøm, Jesper Bylund og Jonatan Erikson frå Stockholm klare for motbakke ovanfor stolheisen på Tystigen. Foto: Bengt Flaten
William Praceksaman med pappa Andre på sommarski. William for første gong, pappa for 27. gong. Foto: Bengt Flaten
Dagleg leiar Nina Lensebakken satsar på storinnrykk på Tystigen laurdag og søndag. Foto: Bengt Flaten
Spora i snøen viser stor aktivitet på opningsdagen. Foto: Bengt Flaten