Forhandlingsutvala i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland møttest fredag for innleiande samtalar om å skipe ein ny vestlandsregion.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane etablerte tidlegare i vår eit forhandlingsutval som ser på grunnlaget for ein felles intensjonsplan om ny vestlandsregion. Fredag 27. mai møtte utvalet forhandlingsutvala frå Rogaland og Hordaland og diskuterte hovudpunkt i intensjonsplanen, samt forhandlingsframdrift vidare.

Møre og Romsdal har etter kvart opna for ein dialog med nabofylka om regionreforma, og i fylkesutvalet 24. mai etablerte dei og eit forhandlingsutval. Utvalet skal avklare premissar og føresetnader for nabosamtalar med Sogn og Fjordane, Sør- og Nord-Trøndelag og Oppland. Det skriv Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Prosessen vidare:

  • Intensjonsplan og utgreiingsarbeid i perioden april til september

  • Politisk leiing engasjerert i handsaminga av melding til Stortinget 22 (2015-16)

  • Forhandlingsutvalsmøte 27. mai: Mål og framdrift for intensjonsplanforhandlingane

  • Fylkestinga 14.juni: Løypemelding med struktur for intensjonsplanen

  • Temainndelte forhandlingar: Veke 33, 35 og 37

  • Fellesmøte politiske styringsgrupper 23. august

  • Fylkesutvala 21. – 28. september handsamar intensjonsplan for samanslåing før den går vidare til fylkestinga

  • Fylkestinga i desember handsamar konkretiserande sak om samanslåing