Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Sunnmøre, NLR Sogn og Fjordane, NLR Hordaland og Norsk Fruktrådgiving Hardanger har gått saman i ei ny, felles rådgjevingseining.

Den nye verksemda, NLR Vest SA, har i alt 35 tilsette som tilbyr rådgjeving til landbruket frå Sunnmøre i nord til Haugalandet i sør.

Verksemda skal drivast frå dei kontora landbruksrådgjevinga har i dag. I tillegg til individuell rådgjeving til bonden vil NLR Vest SA arbeide med forsøk og utvikling, kurs og fagleg informasjon. Verksemda er eigd av 4000 bønder. Gjennom omlegginga vil bøndene no få tilgang til eit meir heilskapleg rådgjevingstilbod. Norsk Landbruksrådgiving Vest SA har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker, i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.

– Ei samla rådgjevingseining på Vestlandet vil gje eit likt, betre og breiare rådgjevingstilbod til bøndene. Fleire rådgjevarar på kvart fagområde styrkar kompetansen. Både bonden som dyrkar gras til husdyra og dei som produserer frukt, bær, potet og grønsaker vil merke dette, seier styreleiar i den nystarta verksemda, Sigurd Reksnes frå Nordfjordeid i ei pressemelding. Han legg til at ei større eining også har ressursar til å ta tak i nye problemstillingar og nye fagområde, og nemner rådgjeving for eit klimasmart landbruk og å utnytte moglegheitene som ligg i det grøne skiftet. NLR Vest SA vil også ha sterkt fokus på HMS- rådgjeving som er svært viktig for å redusere talet på skader og ulukker landbruket.Det vert heller ikkje sagt opp tilsette ved omorganiseringa.

- Dei tilsette er den viktigaste ressursen vi har understrekar Reksnes, og det er viktig for landbruksrådgjevinga å vere lokalt forankra.