Sogn og Fjordane Høgre drøfta i går høyringsinnspel til Nasjonal Transportplan (NTP) og vil i møtet i Hovudutval for samferdsle i dag spele inn fleire nye/omprioriterte punkt, seier partiet i ei pressemelding.

Mellom desse er omklassifisering av fv 60 Tomasgard-Møre grense i Hornindal til riksvegstatus, framheving av E39 Byrkjelo-Grodås som prioritert brukryssinsgprosjekt og rassikring rv 15 Strynefjellsvegen inn i NTP i planperioden 2018-2029. Dette er punkta SFH ønskjer å få med i høyringsinnspela til NTP:

1. Omklassifisering av Kystvegenog Tomasgard-Møre grense til riksvegstatus

2. Planleggingsmidlartil forlenging av Førde Lufthamn og Florø lufthamn til høvesvis1199 m og 2000 m

3. Framheve Byrkjelo-Grodås som eit prioritertbrukryssingsprosjekt som kortar inn reisetida på E39 med 63 minuttved bruk av kjent bruteknologi.

4. Løfte fram Myrmel-Lunde i2018-budsjettet med fokus på Storehaug-Sande.

5. Vikafjellstunnelenog rassikring RV 15 Strynefjellet inn i NTP, planperiode 2018 –2029.

- Sogn og Fjordane har store behov innan samferdselssektoren for åbyggje større bu-og arbeidsområde og lette transporten fornæringslivet. Dei prosjekta Høgre spelar inn er svært viktige forinnbyggjarane og næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi må minst hahøg ramme for å sikre nødvendige investeringar, seierNoralv Distad, gruppeleiar i Høgre og leiar i samferdsleutvalet, i ein kommentar.