Strynepolitiet tok to førarkort og skreiv ut eitt forenkla førelegg under ein laserkontroll i 60-sona på E39 ved Hornindal skule måndag kveld.

Den eine som fekk inndrege førarkort var sjåfør av ein utanlandsk turistbuss. Han køyrde i 87 km/t.

Ei kort stund seinare vart ein privatbil stoppa i 107 km/t.

Føraren som fekk forenkla førelegg, køyrde 83 km/t, opplyser politiet. Alle som vart stoppa er utanbygds.