Under kommunestyremøtet torsdag vedtok Stryn ikkje overraskande at dei ønskjer ei samanslåing med Hornindal, men spørsmålet om samanslåing er likevel langt frå avklart. Ordføraren i Hornindal har utfordra kommuneleiinga i Stryn med ei rekkje spørsmål som vart tema under møtet. Ordførar Sven Flo var tydeleg frå talarstolen på at Stryn kommune kan besvare alle spørsmål som Hornindal utfordra Stryn på om det kan bli aktuelt med ei samanslåing.

- Hornindal har utfordra oss på ei rekkje konkrete spørsmål. Desse spørsmåla har vi gode og tilfredstillande svar på, sa ordføraren som fekk grønt lys frå kommunestyret til å diskutere, ikkje forhandle, samanslåing med Hornindal.

Allereie fredag skal Stryn og Hornindal ha møte i kommunehuset Smia i Hornindal der samanslåing står sentralt.

- Folket i begge kommunane har no sagt sitt, dei blir ikkje høyrt meir. No er det opp til kommunepolitikarane å bestemme framtida. Det som er viktig no er å vise Hornindal at dei har eit har veldig godt alternativ til Volda, i Stryn, sa Flo.

På spørsmål kring innholdet i brevet frå Hornindal er han tydelig på at samanslåingsspørsmålet er under press.

- Hornindal er i ein skvis no. Dei har difor eit ekstra stort behov for å tydeleggjøre spørsmåla sine og få tydelege svar på dei. Det skal Hornindal få, sa Flo.