Det var fellesmøte mellom Hornindal og Stryn kommunar vedk. kommunereform den 24.06.2016.  Stryn kommune hadde på førehand fått brev frå ordføraren i Hornindal med innspel på tema som han ynskte nærare avklaring på.  Dette brevet har tidlegare vore gjengjeve i Fjordingen – i alle høve på nettsida.

Momenta nedanfor tek utgangspunkt i det nemnde brevet og representerer ei oppsummert tilbakemelding på dei punkta som ordføraren i Hornindal tok opp i sitt brev.  Det kan vere opplysande dersom dette Stryn kommune sine tilbakemeldingar også blir inntekne i lokalavisa.

Helse og skule er viktig for Hornindal.  Difor vil Stryn vere veldig tydelege på at den desentraliserte skulemodellen som Stryn har, er det tverrpolitisk semje om i Stryn.

Dette inneber at skulen i Hornindal skal eksistere som ein tenleg skule med dei oppgraderingar som er naudsynte ut frå alder på bygningsmassen.

Stryn er i dag organisert i to helse- og omsorgsområde – Stryn og Vikane/Olden.

Det er heilt naturleg at Hornindal – i ein samanslegen kommune – blir eit tredje helse- og omsorgsområde med alle dei tenestene som dette inneber – herunder også mogleg tenestesal til Austefjord-/Bjørkeområdet dersom det er ynskjeleg frå nabokommunane Ørsta og Volda si side.

Det er ved fleire høve understreka ein viss arealknappheit i Stryn kommune.  Slik vi kjenner geografien i Hornindal, er der god tilgang på ulike typar nærings- og utviklingsareal utan at dette kjem i konflikt med landbruksinteresser.

Satsing på næringsetablering vil ha verknader for folketalsutviklinga og elevtalsutviklinga i skulen/barnehagane, samt representere ein generell positiv utvikling i Hornindal

Stryn har i dag samla alle dei kommunale vassverka i eitt vassverkområde.  Siste «skot på stammen» er Blakset/Ulvedal.  Dette inneber at alle abonnentane til Stryn vassverkområde får same avgift.

Det er naturleg at Grodås vassverk blir ein del av dette med dei gunstige økonomiske verknader dette vil få for abonnentane til Grodås vassverk.

Både Hornindal og Stryn har flotte vinterskianlegg.  Stryn har også eit godt produkt for skiaktiviteter om sommaren.

Dersom desse anlegga kunne etablert ein «paraply» som inneber at dei organisatorisk kan betraktast som eitt anlegg, ville begge anlegga hatt langt betre moglegheiter til å kome i posisjon for tildeling av spelemidlar.  Ein ny kommune må arbeide for å få dette til.

Hornindal har ein relativt stor bygningsmasse å drifte.  Tilsvarande gjeld kommunaltekniske anlegg og vegar.  For å kunne drifte dette på ein god måte, ser vi det som naturleg og naudsynt med ein plassering av personell og materiell i Hornindal for å kunne ivareta desse tilhøva på ein best mogleg måte.

Både Hornindal og Stryn inngår i dag i ei rekkje interkommunale samarbeidsordningar.  Med endra kommunikasjonar mot Volda/Ørsta og resten av Søre Sunnmøre er det naturleg å vurdere kor vidt dagens interkommunale samarbeidskonstellasjonar skal oppretthaldast eller om dette bør revurderast.  Ein oppgradert Fv 60 Grodås – Møre grense vil virke i same retning.

Stryn og Hornindal vil måtte vurdere om ein evt. samanslegen kommune skal søkje overføring frå Helse Vest til Helse Midt med dei endringane dette også vil innebere for etablerte interkommunale samarbeidstiltak innan helseområdet.

Stryn/Hornindal skal intensivere samarbeidet mot Sunnylven/Stranda for at alle partar skal kunne dra nytte/synergiar ut av eit sterkare og tettare samarbeid.

Stikkord i denne samanhengen er:  møbel, reiseliv, matproduksjon.

Hornindal og Stryn har i dag ein fullintegrert arbeidsmarknad der mange kryssar dagens kommunegrenser kvar dag.

Dagens kommuneøkonomi går i favør av ein konstellasjon Hornindal/Stryn framfor Hornindal/Volda.

Næringsareal er blitt ei knappheit i Stryn. Det er krevjande å få utvikla nye områder, m.a. pga. jordvernet og sterke grunneigarinteresser/-planar for anna utvikling.

Såleis kan nye Stryn og Hornindal kommune løyse denne utfordringa gjennom å utvikle areal for ny næringsetablering i dagens Hornindal kommune.

Stryn har ein aktiv næringssamskipnad (SNS) som set viktige saker for medlemane på dagsorden. Det vere seg innan samferdsle (Gode vegar), skule (koordinator skule/næringsliv og Nordfjord Opplæringskontor), rekruttering, møteplassar, mv.

SNS har ønska å knyte seg mot næringslivet i Hornindal, då ein i mange samanhengar ser at ein har felles utfordringar og ønska løysingar i mange saker.

I 2015 vart 3 bedrifter i Hornindal innlemma i SNS (Ekornes, GRS og Øens Kuldeteknikk) og ein er opne for fleire.

SNS er eit styre med engasjerte sjeler som arbeider på dugnad. I mange samanhengar nyttar SNS difor Stryn Næringshage til å utføre noko av arbeidet. Dømer er høyringsfråsegner i ulike samanhengar (skulebruksplan, kommunedelplan, mv.), organisering av møteplassar, gjennomføring av rekrutteringsmesser, juletreff, mv. Ofte er SNS prosjekteigar og SNH prosjektleiar (dømer: koordinator skule/næringsliv, etablering av Nordfjord Opplæringskontor, prosjekt 8-13 samarbeid i skulen frå Utdanningsdirektoratet, mv.).

Ein har eit fungerande apparat som evnar å få viktige saker på dagsorden og gjort noko med det. Dette har næringslivet i Hornindal full tilgong på allereie og vi ønskjer å styrke samarbeidet endå meir. Det har vi m.a. synt gjennom 3 forsøk på å få slått saman dei kommunale næringsfonda med mål om å skaffe endå meir ressursar til gode fellesprosjekt.

Stryn Næringshage er eit aksjeselskap eigd av i hovudsak lokalt næringsliv i Stryn, bank og Siva. Det er eit næringsutviklingsselskap som i dag yter 1.lineteneste for Stryn kommune og er i samarbeid med Nordfjordeid Næringshage inne i det nasjonale næringshageprogrammet med finansiering frå Siva og fylkeskommunen (GRS er ei såkalla målbedrift i dette programmet og vart av SNH innstilt til Årets gründer i Sogn og Fjordane - med full uttelling). Utover det driv selskapet ulike prosjekt som Forbetringsforum Sogn og Fjordane (Ekornes Grodås er med), leiarutvikling i fjord-fylket (LIFF, fleire bedrifter i Hornindal har vore med), Stryn TechHub (ny klynge- og nettverkssatsing, også med håp om deltakarar frå Hornindal), m.fl.

Hornindal har fantastiske kvalitetar og seinast i 2015 initierte SNS eit møte i Hornindal med mål om få satt i verk nokre av tiltaka som er peika på i strategisk utviklingsplan for Hornindal.

Men tiltaka var ikkje blitt prioriterte og initiativet fall i påvente av at kommunen fekk gjort dette. Vil med dette syne at her er krefter som også vil utvikling i Hornindal lenge før ein evt. er ein felles kommune.

SNS og SNH arbeider for å etablere Entreprenørskap som fag ved Stryn vgs. Elevar frå Hornindal vil få moglegheita til å skaffe seg kunnskap om korleis etablere og drive ei ekte bedrift.

Viktig å presisere at t.d. skianlegg må få utvikle seg og at der er konkurranse i næringslivet utan at det skal slå beina under ei evt. kommunesamanslåing. Utan samanslåing vil konkurransen uansett halde fram, men med samanslåing har vi moglegheit til å marknadsføre samla tilbod endå betre. Aktivitet avlar aktivitet og få andre kommunar vil t.d. vere sterkare som skidestinasjon. Det handlar om å samle kreftene i konkurransen mot alle andre.

Reiselivskompetansen er sterk i Stryn. Kompetansen kan utnyttast endå meir i utvikling av arbeidsplassar og verdiskaping innan reiselivet i Hornindal.

Å samle ressursane i marknadsføringa, vil ein betre evne å kommunisere kvalitetane og tilboda i Hornindal.

Større samarbeid om større arrangement (idrett, friluftsliv, konferansar, mv.)

Fleire krefter som dreg i same retning med mål om å få etablert nye tilbod, infrastruktur, aktivitetar, sjåverdigheiter, mv. i Hornindal. Ref. også SNS og SPPC sine initiativ.

Stryn Næringshage har dei siste åra hatt styreleiar frå Hornindal (Knut Ove Rygg) som også er styremedlem i SNS.

Stryn Næringshage ønskjer gjerne å vere ein næringshage også for gründarar, næringsliv og kommune i Hornindal - både noverande kommune og i ei framtidig samanslått kommune.

Stryn Næringshage byter gjerne navn som femner om Hornindal.

Det etablerast +/- 50 bedrifter i Stryn årleg, mange med hjelp frå Stryn Næringshage.

Auke i etableringsgraden i Hornindal kan SNH også bidra med.

Etableringane med særleg potensial for vekst og utvikling vert vidare følgd opp gjennom næringshageprogrammet. GRS i Hornindal er eit godt døme på ei slik bedrift.

Program- og prosjektressursar SNH rår over vil tilfalle Hornindal i større grad ved auka samarbeid/samanslåing av kommunane.

Næringsutviklingsselskapet arbeider for å skaffe fleire ressursar, også menneskelege, som vil setje ein i stand til å bli ein endå betre ressurs - også for Hornindal.

SNH er ein del av virkemiddelapparatet og har kort veg til både Kunnskapsparken S&Fj., Innovasjon Norge, fylkeskommune, Siva, risikokapital, kompetanse og nettverk i inn- og utland. Dette vil tilfalle næringslivet også i Hornindal.

Ingen auke i eigedomsskatten er planlagt. Ligger nå på 3 0/00.

Legetenesta med dagens ordning vil bli vidareført i Hornindal som i dag.

Statlege arbeidsplassar er ikkje eit hovudmål for Stryn kommune. Utvikling av næringslivet og private bedrifter med lokalt eigarskap er langt viktigare. Der får ein både tilført kompetanse, utviklingskraft og innovasjon. Det er hovudgrunnen til at Stryn er der dei er i dag.

Offentlege arbeidsplassar er eit godt supplement, men kan ikkje være det ein legger til grunn for ein berekraftig utvikling.

Stryn, den 24.06.2016

Ordførar/s

Rådmann/s