Det var Stryn som fekk det første målet i bortekampen mot Spjelkavik. Leiinga var det Mathias Garlid som sytte for etter eit langskot frå omlag 20 meter.

Men Spjelkavik sin Tore Johan Gjerde klarte å utlikne med pannebrasken rett før dommaren bles til pause. Kampreferatet fortel om ein førsteomgang med fleire store sjansar og eit strynelag med fårlege overgangar.

I den andre omgangen var det Stryn som opna best, men etter ein knapp halvtime av omgangen var Gjerde igjen frampå og sette inn 2-1 til Spjelkavik.

Stryn jakta utlikning og spelte seg til fleire sjansar, men dessverre lukkast dei ikkje heilt fram til nettmaskene. Ein ny poenglaus kamp gjer at Stryn no tilhøyrer den nedste tredjedelen av tabellen.

Allereie onsdag er det derimot nye mulegheiter, då ventar siste kamp før sommarferien med heimekamp mot AaFK 2.