Det har vanka mykje skryt til arrangøren av Nordfjordrittet som vart arrangert førre helg. Mellom anna var sykkelmagasinet Landevei sin utsending udelt positiv til det han opplevde. Nils Lauvås frå Åsane CK sat sjølv på sykkelsetet rundt Nordfjorden, og fekk såleis oppleve alle sider av arrangementet.

I si oppsummering på Landevei sin sykkelblogg gir han terningkast seks på både opplevelse, sosial ramme, fasilitetar og system rundt påmelding.

- Turrittet som set standaren for korleis slike arrangement bør avviklast, oppsummerer Lauvås, som skriv han definitivt vil stille opp igjen.

- Sjølv om rittet er ungt, så har arrangøren verkeleg forstått korleis ein skal arrangere ritt. Det går nesten ikkje an å gi nok skryt.

Dette gledar sjølvsagt Sandane CK som er hovudarrangør. Men Dag Arne Eide passar også på å fordele skrytet på dei lokale medarrangørane rundt fjorden.

- Mykje av dette skrytet går til alle dei løypevaktene frå alle dei lokale idrettslaga vi har hatt rundt heile Nordfjorden, samt vårefolk både ved start, mål og ikkje minst dei som stod for serveringi gymsalen på Nordfjord Folkehøgskule, seier Eide.