Då juryen presenterte si avgjerd under den avsluttande Meisterkonserten under Landskappleiken søndag, var det Margit Myhr frå Gol som vart utropt til vinnar av Vokal klasse A. Med det fekk ho også den gjeve Kongepokalen.

Det var knytt spenning til om fjorårsvinnar Unni Løvlid frå Hornindal kunne gjenta bragda, men ho vart rangert som nummer to av dei tre finalistane, føre Berit Opheim frå Voss.