Jonsokaftan besøkte cruiseskipet Mein Schiff 4 Olden og Nordfjord. På veg ut fjorden på kvelden kunne innbyggjarar på Rake sjå skipet gli forbi, kanskje nærare enn noko anna skip har vore.

- Nærmare land kjem skuta ikkje, var Eva I. Rake sin kommentar til lesarbildet ho sende Fjordingen.

Også Caroline Lindvik Gjerde var mellom dei som knipsa bilde av skipet. Ho hadde derimot eit heilt anna perspektiv, sett frå fjellet i nærleiken av Nonshaugen i Olden.

Vi takkar begge for flotte foto, og oppmodar samstundes lesarane om å sende oss blinkskot frå nær og fjernt i sommar!

Sens SMS til 40 40 21 40

Mein Schiff til kai i Olden. Foto: Caroline Lindvik Gjerde