Rasmus Stauri vart under Meisterkonserten på Landskappleiken utnemnt til heidersmedlem i folkemusikkorganisajonen FolkOrg. Rasmus Stauri er fødd i 1949, er frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen og har røter i Stryn.

- Rasmus Stauri har bidrege vesentleg til å styrkja folkemusikken og folkedansen sin rolle og vilkåra for den i samfunnet. Arbeidet er i særleg grad knytt til formidling av folkemusikken i det offentlege rom, gjennom organisasjonsarbeid og undervisning, innsamlingsarbeid og cd-utgjevingar og som utøvar. Stauri har m.a. vore medlem av kulturkomiteen for OL-94, var med i etablering av landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule og har undervist der frå etableringa i 1997 og fram til 2015. Han har hatt gjesteførelesningar på Noregs Musikkhøgskule. Han var dessutan initiativtakar for etablering av folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen i 1992, heiter det i grunngjevinga.

Stauri har vore leiar i fleire spelemannslag , sete 4 år i styret for Landslaget for spelemenn, har vore leiar for Norsk folkemusikkfond og av redaksjonsrådet for Spelemannsbladet. Han har vore dommar på landsfestivalen og lokale kappleikar, og vore programleiar på mange folkemusikkarrangement – m.a. Landsfestivalen og Landskappleiken, – no sist under landskappleiken i Vågå 2016. Han har gjort omfattande innsamlingsarbeid i Midt-Gudbrandsdalen gjennom intervju og opptak, og har vore prosjektleiar og skribent på eit stort tal CD-utgjevingar.

Saman med Sør-Fron spelemannslag fikk han spelemannsprisen i 1991. Han har vunne Landsfestivalen og Landskappleiken i lagspel fleire gonger.

Rasmus Stauri har publisert artiklar om norsk folkemusikk, vore redaktør og initiativtakar for skrifter og utgjevingar og ansvarleg for NRK-program og vore platemeldar. Han har før motteke Kulturprisen for Sør-Fron (2002), og Vehl-Peer- prisen av Peer-Gyntstemnet (2007).

Vedtektene til FolkOrg gjev styret høve til å utnemna heidersmedlemer, ut frå slike føresetnader:

”§14 Heidersmedlemskap: Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. Heidersmedlemer skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle arrangement som FolkOrg skipar til”