Stryn sommerski stenger onsdag 29. juni, tre veker tidlegare enn i fjor (19.juli)

Sommerskisenteret hadde opphaveleg tenkt å halde ope fram til søndag 3. juli, men det lar seg ikkje gjere med dagens snømengder.

- Kombinasjon av kraftig regn, milde temperaturar og vind har ført til rekordfart på snøsmeltinga dei siste dagane.Mykje snø har forvunne allereie i løpet av natta. Det er leitt, men vi måtte berre ta ei avgjersle på å stenge allereie før helga, seier dagleg leiar ved Stryn Sommerski, Nina Lensebakken som har oppmodinga klar;

- Dei som har tenkt seg på sommarski må kome seg i bakken snarast råd. Det er framleis god gli i bakken, seier Lensebakken.