Anne Lise Hatledal har i dag torsdag vore innom kommunehuset Smia i Hornindal med underskriftene frå bygdefolk i Hornindal. Dei 266 har skrive under på at dei ønskjer folkerøysting før kommunestyret deira vedtek samanslåing. Talet på underskrifter er langt over dei naudsynte to prosenta som skal til for ei ny vurdering frå eit kommunestyre. For Hornindal utgjer to prosent omlag 24 underskrifter.

- Heftige timar

Etter planen skal kommuneleiinga i Hornindal vedta ei samanslåing med enten Volda eller Stryn i kommunestyret i dag frå klokka 15.00.

- Det vart 266 underskrifter som no er levert rådmannen. Det er eit høgt tal med tanke på at vi starta denne aksjonen klokka 19. i går kveld. Det har vore nokre heftige timar, fortel Hatledal som har stått i spissen for mobiliseringa i bygda.

Kan ikkje love noko

- Eg vonar politikarane våre lytter til oss no, seier Hatledal.

Hornindal-ordføraren sa til Fjordingen onsdag kveld at dei vil vurdere spørsmålet om folkerøysting, utan at det betyr at vedtaket blir endra.