NHO Reiselivs økonomibarometer viser at heile 30 prosent av reiselivsbedriftene trur sommarsesongen 2016 blir betre enn rekordsommeren 2015. Ein av dei er Sande Camping i Lodalen.

- Det har aldri vore større pågang. Vi hadde tidenes beste juni månad, og hyttene er nesten fullbooka for juli og august. Det er veldig mange bubilturistar frå nærområda som har oppdaga oss. Det har resultert i at vi har hatt fullt på campingplassen kvar helg i juni. Mange kjem også for å gå toppturar og drive med friluftsaktivitetar i området, fortel innehavar Turid Sande Beinnes. Det kjem fram i ei pressemelding frå NHO Reiseliv.

Dei er blant mange campingbedrifter i Sogn og Fjordane som merkar den auka interessa for camping.

På oppdrag for NHO Reiseliv har TNS Gallup spurt 1200 nordmenn over 18 år om sommerferieplanar. Av dei som skal feriere i Norge, svarar 19 prosent at dei skal bu i campingvogn, bubil eller telt i løpet av ferien. Før sommaren i fjor svarte 15 prosent det same.

-Det ligg an til ein enorm campingsesong. Mange campingbedrifter har svært god forhåndsbooking, seier avdelingsleiar for camping i NHO Reiseliv, Jan-Henrik Larsen, i pressemeldinga.

Campinginteressa frå utlandet er også stor denne sommaren.