- Vi har ikkje uttalt oss som kommunelegar i brevet om Volda til Hornindal kommune, seier Bent Ingebrigtsen til Fjordingen.

Onsdag sende kommunelegane i Hornindal, Bent Ingebrigtsen og Olav Maurset, eit ope brev til Hornindal kommune. Der argumenterte dei for kvifor Hornindal skulle slå seg saman med Volda kommune.

Dei signerte brevet på følgjande måte: «Med vennlig hilsen. Legene Olav Maurset og Bent Ingebrigtsen»

- Korleis kan de som legar uttale dykk om skulestruktur og ungdomstilbod?

- Vi har ikkje signert som kommunelegar, og slik sett kan vi uttale oss om det vi vil. Hadde eg skrive under som kommunelege, hadde det vore ei anna sak, seier Bent Ingebrigtsen til Fjordingen.

- Må engasjere seg

Han skjønar godt at det blir stilt spørsmål rundt at legane uttalar seg om andre ting enn det som angår helsetilbodet i Hornindal kommune. Men poengterer at som privatpersonar har dei rett til å påverke dei folkevalde på same måten som alle andre.

- Det forundrar meg at folk er så passive. Skal ein påverke politikarane må ein legge inn ein innsats. Dette er ein viktig samfunnsdebatt, og då må ein engasjere seg, elles kan ein ikkje kome og klage i ettertid, seier han.

Samanliknar ikkje med Stryn

- Har de dekning for argumenta når de skriv at Volda har gode skular, eit godt barnevern, og eit bra kulturtilbod?

- Poenget er at det på mange punkt blir betre enn i dag med samanslåing med Volda, seier han, og brukar som døme barnevernstilbodet som Hornindal kommune slit med.

- Vi samanliknar ikkje samanslåing med Volda og samanslåing med Stryn. Det er ikkje kvaliteten i Stryn det er snakk om, tvert om har eg eit godt samarbeid med Stryn, seier han.

- Betre med avstand

- Du skriv at det kan virke som eit merkeleg argument, men at det er ein fordel at det er lenger avstand til Volda enn til Stryn?

- Ja, når det kjem til å bevare helsetilboda på Grodås er det er ein fordel med lenger avstand til kommunesenteret, fastslår Ingebrigtsen.

- Grunnen til at eg har trekt fram det, er at i akkurat dette tilfellet er det eit viktig poeng for å behalde dei tenestene ein har. Med 34 km til kommunesenteret blir det vanskelagare å redusere og legge ned ulike tenester enn det blir med ti minutt køyreavstand til Stryn sentrum, seier han.

- Det er ikkje tilfeldig at vi i legetenesta vektlegg dette, det er nok det viktigaste sett frå vår ståstad, held han fram.

- Meiner du at det er utelukka positivt med lenger avstand til kommunesenteret?

- Nei, det er nok tvert om ein fordel for unge med den korte avstanden til Stryn når det kjem til skule og fritidstilbod, seier Ingebrigtsen. Men så lenge det er snakk om helsetilbod vil Hornindal kome betre ut av det med samanslåing med Volda samanlikna med Stryn, avsluttar Bent Ingebrigtsen.