Lars Erik Skjervheim tok ein suveren siger i herreklassen i ultraløpet Hornindal Rundt laurdag.

Han leia store deler av fjelløpet, og var først i mål ved Honndalshallen etter nær ni timar i fjellheimen. Då hadde han lagt bak seg 75 kilometer.

Randonee- løparen i Voss IL gjekk i mål med tida 8 timar,56 minutt og 23 sekund Det vart sleipt i løypa mot slutten, og han var om lag fire minutt bak sin eigen løyperekord.

- Eg måtte vere litt varsam i unnabakken, men det var ein fantastisk tur, fortalde Skjervheim etter nær ni timar gjennom fjell og dalar, skodde, tordenbygger og glimt av sol.

- Eg hadde ambisjonar om ei litt roleg opning, men det er alltid nokon som opnar hardt, og så blir ein dregne med, seier mannen som med sigeren i Hornindal har sikra seg tre NM-titlar i år. Dei to andre var i Randonee og veteranklassen i motbakkeløp.

Malene Blikken Haukøy frå Høyang IL vann dameklassen i endå meir suveren stil. Ho knuste den tidlegare løyperekorden med to og ein halv time, og sprang inn til tida 10.32.39. Det var ein time før Hilde Andes frå Tromsø.

- Vi er godt fornøgde med gjennomføringa av arrangementet, og har ingen store skader så langt i løpet. Ein del av deltakarane valde å bryte på grunn av vanskelege forhold, sa løpsleiar Amund Sverre Tomasgard i Hornindal IL til Fjordingen i 17-tida.

Utover kvelden og natta vil deltakarane kjempe seg gjennom siste del av løypa, før dei kan slepe seg i mål i Honndalshallen.

HER finn du liveoppdatering og resultat.

Sprek: 25 år gamle Malene Blikken Haukøy frå Høyang IL starta med på andre halvdel med eit smil. Ho tok ein suveren siger i dameklassen med ny løyperekord og NM-tittel.