Hornindal kommune har bestemt å auke opp stillinga som flyktningkonsulent frå 50 til 80 prosent. Opptrappinga gjeld frå august. Det er også opna for å auke denne til 100 prosent dersom ein meiner det er behov for det.

Bakgrunnen for auken er at ein ser det er utfordrande å innfri vedtaket om å busetje 10 flyktningar i 2016 med berre 50 prosent stillingsheimel.

Det er Anne-Mette Høistad som har vore flyktningkonsulent i perioden 01.03.16 – 31.05.16, og ho har hatt ansvar for å byggje opp tenestene i kommunen. Stillinga skal lysast ut i samband med opptrappinga.

I vedtaket frå kommunestyret heiter det at kostnaden som følgjer stillingsauken skal dekkast inn frå flyktningtenesta sitt budsjett.