- Vi har berre ei 20 prosent stilling i barnevernet i Hornindal i dag. Det er ikkje tilstrekkeleg, seier assisterande rådmann i Hornindal, Brita Sollid.

I høve kommunesamanslåinga har Sollid sendt brev til Fylkesmannen der ho belyser umiddelbare behov for tiltak for å avhjelpe sårbare og små fagmiljø med reformstøtte og skjønsmidlar før reformprosessen tek til.

- Ekstraordinære tiltak

- Vi har og ei meir praktisk utfordring knytt til dette ettersom vi skal knyte oss saman på tvers av fylkesgrensa. Dette utløyser ekstraordinære tiltak som det er naturleg å få kompansert gjennom skjønsmiddeltildelinga frå fylkesmennene både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, skriv Sollid. Ho peikar spesielt på kommunen sitt barnevern- og oppveksttilbod i brevet.

låner konsulenttenester

- Vi har fleire utfordringar, men barnevern og oppvekst er det mest prekære. Vi har til no lånt konsulenttenester på dette frå både Stryn og andre, seier Sollid til Fjordingen. Sollid meiner ei yttarligare 50 prosent kommunal barnevernstilling må til for å dekke behovet i kommunen i dag.

- Slik det er i dag hadde vi klart oss med ei 70 prosent stilling. Utfordringa for oss er å få folk til å ta slike stillingar, seier Sollid.