Torsdag kveld er det invitert til folkemøte på Ullsheim, og eit av tema er eventuell ny grensejustering mellom det som kan bli kommunen beståande av Hornindal og Volda, og Stryn kommune. Forslaget til ny grense som blir lagt fram på folkemøtet er Gulekoppen – Småskora – Øyenibba – Kjøsahammaren.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, kjem til å delta på møtet. – Kommunen fekk ein invitasjon frå Markane om å kome på folkemøtet. Sidan eg er i Stryn då så har eg sagt ja til å kome. Eg har forstått det slik at grendene ønsker informasjon om grensesettinga og eventuell justering, og eg kjem mellom anna til å gjere greie for regelverket slik det er no. Eventuell saksgang vidare vil eg og snakke om. Kva som elles vil bli teke opp på møtet veit eg ikkje, seier Flo. Torstein Tvinnereim vil også orientere om Stryn vidaregåande skule og samarbeid mellom skule og næringsliv.

– Kven arrangerer møtet? – Det er bygdefolk som er initiativtakarar til møtet, avsluttar ordføraren.