- Innbyggjarane i ein kommune har ikkje initiativrett for lovlegkontroll av eit kommunestyrevedtak. Ei underskriftsliste er difor ikkje noko formelt grunnlag for Fylkesmannen til å vurdere vedtaket.

Det seier assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid på spørsmål frå Fjordingen etter at ei gruppering i Hornindal no vil samle underskrifter for å få oppheva kommunestyrevedtaket om samanslåing mellom Hornindal og Volda. Gruppa ønskjer oppheving av vedtaket, deretter folkerøysting før nytt vedtak.

Hæreid seier på generelt grunnlag at Fylkesmannen har rett til å gjennomføre lovlegkontroll av alle kommunale vedtak.

- Det er sjeldan Fylkesmannen nyttar den retten og det skal mykje til for å gjere det så lenge eit spørsmål har vore grundig debattert i kommunestyret, seier Hæreid.

Han legg til at tre kommunestyrepolitikarar har initiativrett til lovlegkontroll innan tre veker etter at eit vedtak er fatta. Det har ikkje skjedd i saka om kommunesamanslåing mellom Hornindal og Volda.

- Einaste måten å vurdere vedtaket om samanslåing mellom Hornindal og Volda på er at Fylkesmannen gjer det på eige initiativ. Det er høg terskel for det.

- Har det noko å seie for Fylkesmannen si vurdering at Hornindal slår seg saman med ei kommune i nabofylket?

- Nei.

- Gruppa i Hornindal har kjempa hardt for folkerøysting om kommunesamanslåing. Kva seier lova om dette?

- Inndelingslova seier at kommunestyret skal gjennomføre innbyggjarhøyring i form av folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte. Kommunen pliktar ikkje å ha folkerøysting men kan avgjere fritt kva måte dei vel å høyre innbyggjarane på.