Kva skjer med tal lensmannskontor, korleis samhandle mellom kommune og politi, korleis skal politiet jobbe og sikre tryggleik når nærpolitireformen vert sett ut i praksis?

I dag inviterte politimeister Kaare Songstad til det første dialogmøtet mellom Vest politidistrikt og ordførarane i regionen. Politimeisteren inviterte ordførarane til møte både for å informere og få innspel. Første delen av møtet brukte han sjølv til å orientere. Deretter vart møtet lukka for gruppearbeid og diskusjonar der politiet ber politikarane om innspel.

Stortinget har fatta vedtak om nærpolitireformen som reduserer tal politidistrikt frå 27 til 12. Det nye Vest politidistrikt skal vere operativt og etablert innan november 2017.

- Litt spissa sagt, så er det einaste som har skjedd så langt at eg er tilsett som politimeister, sa Songstad. Og la til at dei gamle politidistrikta så langt fungerer tilnærma som før. - Endringane som skal skje, skal skje etter tett dialog med kommunane. Dette er berre første av fleire dialogmøte, sa Songstad.

Politimeisteren fortel at forslaget om ny lensmannskontor-struktur kjem i oktober i år. Deretter får kommunane seks vekers høyringsfrist før endeleg forslag vert sendt til Politidirektoratet som skal ta si avgjerd 1. februar 2017.

Nettopp kvar lensmannskontora skal liggje , kva innhald og bemanning dei skal ha, er blant mange viktige spørsmål for ordførarene som reiste til Førde for å høyre og gje innspel til nærpolitireforma.