I dag skal leiing og representantar frå kommunane Volda og Hornindal møtes til det første planleggingsmøtet for samanslåinga i 2020. På møtet stiller også Fylkesmannen i dei to fylka.

På møteplanen står mellom anna orientering om kva som må gjerast fram til 1. januar 2020, spørsmål knytt til grenseendring og oppretting av fellesnemnd som skal jobbe med samanslåinga.

Etter møtet, som er lagt til Austefjorden, skal ein vidare til felles kommunestyremøte ved hotellet på Grodås.