Selskapet bak Gilde og Prior, Nortura, ønskjer å samarbeide med hovudkonkurrenten Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) om ei ny marknadsregulering.

Styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura seier til Aftenposten at forbrukarane vil nyte godt av samarbeidet i form av ferskare biff, yngre lam og slankare svin.

– Mange forbrukarar synest vi har for store lammelår. Med den nye ordninga vil det bli lettare for aktørane å slakte lam og gris før maksvekta, og dermed kan forbrukarane få mindre stykke av det dei ønskjer, seier han til avisa.

Forslaget, som det er opp til landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) å seie ja eller nei til, går ut på at Nortura mjukar opp rolla som marknadsregulator. I staden blir det oppretta eit råd der Nortura og KLF er likt representerte og der avgjerdene blir tatt i forkant av gjennomføring i regi av Nortura.

– Ferskare biff

Reguleringsordninga i dag fungerer for heile dyr. Forslaget er at reguleringa heretter også skal gjelde for skore kjøtt. Det vil gi ferskare varer, meiner Nortura og KLF.

– Biff er ei sesongvare, og håpet er at stykka no kan skjerast ut før resten av dyret blir frose. Då vil vi ha førsteklasses vare. Det blir ikkje meir biff, men den biffen som kjem, blir fersk og ikkje ei andrehandsvare som frosen biff er, seier styreleiar Ståle Gausen i KLF.

– Grunn til å vere skeptisk

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) seier til Nationen at han vil vurdere forslaget.

– Eg merkar meg at alle aktørane i næringsmiddelindustrien no meiner det er nødvendig å endre måten reguleringa blir organisert på. Det tar vi med oss, seier han.

Frp-politikaren svarar slik på spørsmål om kva han synest om forslaget: – Det er fleire sider vi er nøydde til å sjå nærmare på, men i første omgang er eg uroleg for at ein del av forslaga kan føre til svekt konkurranse. Når forslaget føreset at konkurranselova og forskrifter må endrast, er det grunn til å vere skeptisk, seier han. (©NPK)