Fleire personar i distriktet melder i føremiddag om at dei ikkje får til å ringje ut med mobiltelefon.

- Vi opplever for tida ein feil i mobilnettet som fører til at enkelte anrop feilar. Vi jobbar med feilsøk, opplyser Telenor.

Dei veit førebels ikkje noko om årsaka til feilen, men anbefalar kundar som ikkje kjem gjennom med samtalar om å prøve på nytt, då mesteparten av trafikken går som normalt.