Steffen Melheim, Olden IL, er utan tvil eit stort kasttalent. Då 13- og 14-åringar frå Vestlandet var samla til ungdomsleikar på Osterøy denne helga, vannhan klasse 13 år i diskos, kule og slegge. I tillegg vart det pallplass i spyd og høgde.

Aller best resultatoppnådde han i diskos. 41.24 meter er det lengste kastet i landet sålangt i år og gjev 1.016 poeng på Tyrvingtabellen. Han persa her med3,75 meter. Pers vart det også i spyd med 35.10 som heldt til 2.plass. Ihøgde vart det 3. plass med 1.46, også det personleg rekord.

Også dei fem lokale jenteutøvarane som var tekne ut frå våre lokale klubbar hevda seg godt. 14 år gamle Lise Fure Håvik frå Oppstryn IL gjorde det også godt i kastøvingane. Ho fekk andreplass i kule (3 kg) med 9.07 meter og slegge 24,79 meter.

Emilie Flo Stavik frå Stryn Turn & IL fekk 2. plass på 1.500 meter med tida 5.19.51. Lagvenninna Joanna Kveen Øvre-Flo fekk sitt beste resultat på 60 meter med tida 8.86. Maren Hjelmeset Kirkeeide, også 13 år, frå Stryn Turn & IL fekk si beste plassering på 600 meter, her vart det 8. plass med tida 2.01.06. Karina Skaare Tjellaug fekk ein fin 7. plass i kuleøvinga (2 kg) med resultatet 9,70 meter.

Lokale utøvarar på ungdomsleikane: (f.v.) Steffen Melheim (Olden IL), Karina Skaare Tjellaug (Oppstryn IL), Lise Fure Håvik (Oppstryn IL), Joanna Kveen Øvre-Flo (Stryn Turn & IL) og Emilie Flo Stavik (Stryn Turn & IL). Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok også frå Stryn Turn & IL. Foto: Monica Flo