Eit av høgdepunkta under årets Strynemesse blir konserten med bandet Eva & The Heartmaker. Dei får æra av å runde av messa med den tradisjonelle avslutningskonserten søndag ettermiddag.

Bak Eva & Heartmaker finn vi frontfiguren Eva Weel Skram frå Sogndal og mannen Thomas Stenersen.

Aftenposten har tidlegare utropt Eva & The Heartmaker som ”et av de store eksportpotensialene” , og dei har for lengst etablert seg som ei av Norge sine mest suksessfulle popgrupper.

Dei har produsert ei rad hit-låtar siste åra, og til Strynemessa kan publikum heilt sikkert byrje å øve seg på mellom anna «Mr. Tokyo», «Signals», «Gone in a flash», «Traces of you», «Joanna» og ”Calling You”.