- Sjølv om mørketida er rett rundt hjørnet, kan du framleis skine.Det er meldinga frå Moods-gutane.

I år er det nemleg Moodsof Norway som står bak årets designrefleksar. Konseptet heiter ”Timeto shine” og er ein refleks-kolleksjon av klokker, lommeur, 3Drakettar, buttons – og sjølvsagt ein traktor.

– Dette er eitsuperkult prosjekt å få vere med på. Hele konseptet med Moods ofNorway er jo å gjere ting litt annleis. Vi er allereie i gangmed å integrere refleks i klede, og med årets reflekskolleksjon letvi verkeleg folk skine i natta, seier Simen Staalnacke i ei pressemelding frå Trygg Trafikk.

- Vi i Trygg Trafikk er strålande nøgde medå få Moods of Norway til å designe årets refleksar. Dei erblitt kule, morsomme og sjarmerande, og noko vi trur både menn ogkvinner har lyst å bruke. Arbeidet Moods of Norway allereie gjermed å inkorporere refleksar i klede gjer dei til ein glimrandedesignar for årets refleksar, seier kommunikasjonssjef Ann-KathrinÅrøen i Trygg Trafikk.

– Livet er for kort til å ikkje skine imørkre. Refleksklokkene er rett og slett årets viktigaste klokke, ogminner deg på å feste refleks til alle ytterkleda, vesker og bagar.Refleks reduserer risikoen for å bli påkøyrt med heile 85prosent. Det kan redde livet ditt, seier Årøen.

Den nasjonaleRefleksdagen vert arrangert torsdag 20 oktober.

Fakta om refleks

  • Refleksreduserer risikoen for å bli påkøyrt i mørket med 85 prosent.

  • Brukar du refleks har bilisten 10 sekund på å reagere, går duuten har ein kun to sekund.

  • Bruk refleks sjølv om det ergatelys. Flest fotgjengerulukker skjer i byane.

  • Refleksen børhenge i knehøgde.

  • Refleks er forbruksvare, slitasje gjere at denvirkar dårlegare