Lars Guddal sin innsats for fotballaget til Oppstryn IL går ikkje upåakta hen. Fredag kan du sjå 6. divisjon-spelaren på det populære NRK-programmet Norge Rundt.

I vår feira 42-åringen eit ikkje ubetydeleg jubileum då han passerte imponerande 350 kampar i den blå og kvite drakta. No er han oppe i 357.

I jubileumskampen fekk han overrekt spesiallaga drakt, sjølvsagt med nummer 350 på ryggen.

- Det er veldig kjekt med fotball framleis. Eg må no uansett halde meg i form på ein måte. Og det er sosialt og ein god gjeng. Og så har eg lyst til å vere med å halde igong laget, uttalte Guddal den gong.

Han fortel at Oppstryn er ved sidan av Stryn det einaste laget i indre Nordfjord som har klart å halde liv i seniorlaget uavbrote sidan dei starta opp i 1980.

Guddal har også ei imponerande scoringsrekkje å vise til. Han har scora over eitt mål i snitt per kamp, og står i skrivande stund med 378 mål.

Her følgjer nokre fun-facts om Lars Guddal:

  • Debuterte som innbyttar for Petter Skåre mot Loen 26.05.91.

  • Skåra Oppstryn sitt mål nummer 500 på eit frispark mot Anga i 1993.

  • Skåra Oppstryn sitt mål nummer 1.000 mot Vik i 2005.

  • Skåra Oppstryn sitt mål nummer 1.500 mot Haugen, mai 2016.

  • Har 45 hat-trick

  • Skåra dobbelt hat-trick (seks mål) mot Vikane 15.06.2010.

  • Har totalt skåra 24,5 % av Oppstryn sine mål sidan 1980.

  • Har berre pådrege seg sju gule kort.

  • Eitt raudt kort i karrieren.