I den 25. utgåva av motbakkeløpet Kleiva Opp var det Isak Flo Bødal og Merete Helgheim som nådde Nosakleiva først. Det gjorde dei også i 2011.

Det vart ingen løyperekordar, men fleire sterke tider. Bødal sprang på 32.18 og Helgheim på 37.50. Mest imponerande var nok likevel tida til 17-åringen Vegard Skrede. Han var andremann til toppen på tida 33.55, og slo mellom anna ein sterk løpar som Jan Olav Tjønneland.

I sykkelklassen var Henry Hammersland raskast med tid 32.56.