Ein over 6000 år gammal trestubbe dukka opp i fjellheimen ved Hoven i sommar.

- Under ein tur langs anleggsvegen mellom Oppheim og Hoven i sommar fann eg furustubbar som var greve opp frå ei myr langs anleggsvegen mellom Oppheimssætra og Hoven. Stubbane låg i høgde med bjørkeskogsgrensa i dag, om lag 800 meter over havet. Eg tok med ein liten bit av den eine stubben, og sende til eit dateringslaboratorium i Poznan i Polen. Dateringa viste at trestubben er om lag 6150 år gamal, fortel professor Atle Nesje, Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Stubbane syner at på den tid må det ha vakse furu høgare opp enn i dag, mest truleg på grunn av at sommartemperaturen var høgare enn i notida.

- Stubbane hadde ikkje rotna sidan dei har lege ‘hermetiserte’ nede i myra utan tilgong på oksygen, seier han. Frå tidlegare undersøkingar i Sør-Noreg er det kjent at skoggrensa var høgare enn i dag mellom 9000 og 6000 år sidan og at det var furuskog på delar av Hardangervidda der det ikkje veks furu i dag.

- Dette har ei naturleg forklaring. I dag er jorda nærast sola om vinteren, medan på den tid var jorda nærast sola om sommaren. Det gjorde at på klårvêrsdagar om sommaren var solstrålinga 8-10 prosent sterkare for 8000 til 6000 år sidan enn i dag. Tidlegare studiar i Sør-Noreg syner at på grunn av denne skilnaden i solinnstråling var den gjennomsnittlege sommartemperaturen på den tid 1-2 grader høgare enn i dag, fortel professor Atle Nesje, Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.