Den 54 år gamle mannen som kjørte utfor vegen på veg ned Utviksfjellet fredag skal vere uskadd, men er innlagt på Førde sentralsjukehus for observasjon. Det melder Helse Førde sin presseteneste laurdag.

Mannen kjørte av vegen og bilen havna på taket og vart henta av ambulansehelikopter. Det var ikkje mistanke om rus, meldte politiet fredag.