Popstjerna Justin Bieber var på Hjelle i Stryn søndag kveld. Bieber sitt crew hadde leigd Hjelle Hotell og det kringliggande området.

Då det vart

klart at superstjerna opphaldt seg her

begynte det å samle seg unge fans ved hotellet, men vakthald sytte for at fansen vart halden på avstand.

Venta og venta, og venta, men Justin Bieber kom ikkje. Foto: Roger Odleide

Spente

Då Fjordingen kom til hotellet var det samla seg omlag 40 ungdomar ved det idylliske vesle hotellet like ved Oppstrynsvatnet. I all hovudsak var det jenter i alderen 12 til 14 år som spent satt og venta på om dei fekk møte idolet sitt.

- Eg kan ikkje tru at han er her. I Stryn liksom, sa jentene som snakka i munnen på kvarandre.

- Kan han ikkje berre kome å helse på oss da? To minutt, liksom?

Dei fortalde at dei hadde fått beskjed av vaktene at dersom dei forheldt seg rolig og på avstand kunne det hende at kom å hilste på dei. - Please, please, kan det ikkje berre skje, var ein av kommentarane.

Tikk, takk

Eit helikopter tok etterkvart av, men ingen hadde sett om han hadde gått inn. Belieberane venta og venta. Av og til trudde dei at dei såg Justin kome ut av bussen, men det var aldri han. Til slutt fekk koppelet av frammøtte beskjed av verten John Olav Lefdal om at Justin hadde forlatt området.

Skuffelsen stod å lese i andletet til fansen frå Stryn.

Trass i denne beskjeden var det mange som framleis vart verande ettersom dei to svarte bussane framleis sto parkert med motoren på tomgang.

- Eg trur det berre er ein avleiingsmanøver. Eg trur han framleis er her, meinte ei.

Trass i at det var begynt å mørkne var det framleis folk til stades då Fjordingen reiste med uforretta sak.

Idyllisk plass Justin sitt besøk i Stryn fant altså stad her, på Hjelle i Stryn. Foto: Roger Oldeide
Det var ei slags avventande og nervøs stemning kring Hjelle hotell søndag kveld Foto: Roger Oldeide
- Er han der? Mange kika etter den kanadiske popstjerna i Hjelle søndag. Foto: Roger Odleide
Bieber disponerte to svarte bussar og eit helikopter. Dei sto parkert like ved vatnet.
Det er ikkje kven som helst som besøker Hjelle ved Strynevatnet søndag. Foto: Roger Oldeide
Her får fansen, som har venta i timesvis, beskjed om at popstjerna har reist. Det er ikkje alle som trur på det. Foto: Roger Oldeide