Mange kommunar i distrikta er sterkt kritiske til forslaget frå regjeringa om å mjuka opp konsesjons- og eigedomsreglane for landbruket.

Det viser ein gjennomgang Nationen har gjort av uttalane som har kome inn kort tid før høyringsfristen til forslaga går ut 26. september.Det var i sommar at landbruksministeren sende ut forslaget om konsesjonslov, priskontroll og odelsrett ut på høyring.

Regjeringa har mellom anna føreslege å heva arealgrensa for konsesjon, buplikt og odel frå 25 til 35 mål dyrka jord, oppheva priskontrollen på reine skogeigedommar og føreslege at det skal bli lettare å dela frå tomter til bustader, fritidshus og naust.Det som går att i innvendingane er ifølgje Nationen at forslag vil uthola lovverket og gje fleire uheldige utslag både for landbruket, matproduksjonen og busetjinga. Også lokalpolitikarar frå Høgre og Frp er kritiske til forslaga.– Prisen på jord og skog kan gå opp. Det er uheldig for dei som vil driva landbruk. Auka arealgrense til 35 dekar kan føra til at fleire gardsbruk blir fritidseigedommar. Resultatet kan bli at det blir lys i færre hus, seier ordførar Steinar Sakshaug (H) i Leksvik.Det same meiner Volda kommune, heimkommunen til landbruksministeren. Kommunen peikar på at over ein tredel av dei 207 eigedommane med buplikt i Volda er på 25 til 35 dekar.– Fleire av desse bruka vil etter lovendringa kunna bli fritidsbustader og ikkje grunnlag for busetjing, heiter det i høyringsfråsegna frå kommunen.Også Voss og fleire andre kommunar fryktar forslaget skal føra til fråflytting.– Dette er med på å opna marknaden for kjøparar med andre motiv enn landbruksdrift, ein auka fritidsbusetnad på gardane og på sikt ei fråflytting frå bygdene, heiter det i uttalen frå Voss kommune. (©NPK)